You er det femte studioalbumet til progressive rockegruppaGong, utgjeve på Virgin Records i oktober 1974. Det er det siste albumet av Gong med grunnleggjaren Daevid Allen før Shapeshifter i 1992. Det vart spelt inn i Virgin sitt Manor Studios i Oxfordshire i England. Side ein vart miksa i Pye Studios i Marble Arch i London, medan side to vart miksa i The Manor. Plata vart produsert av Simon Heyworth og Gong «under den universelle påverknaden av C.O.I.T., the Compagnie d'Opera Invisible de Thibet», med Heyworth som lydteknikar.
You er den tredje plata i «Radio Gnome Invisible»-trilogien etter Flying Teapot og Angel's Egg. Triloien dannar ein sentral del i Gong-mytologien. Strukturen til albumet blandar korte forteljingar med lange, jazzaktige instrumentalar (som «Master Builder», «A Sprinkling of Clouds» og «Isle of Everywhere»), og byggjer seg opp til eit klimaks eller konklusjon med «You Never Blow Yr Trip Forever».
Ettermæle
Rolling Stone kåra You til eit av dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene.[1]
Sologitaristen Steve Hillage omgjorde «Master Builder» til «The Glorious Om Riff» i 1978 på albumet hans «Green».