Arto Kalevi Härkönen (fødd 31. januar1959) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar. Han vart olympiameister i spydkast i 1984. Han er 190 cm høg og hadde ei tevlingsvekt på 92 kg.
Härkönen utmerka seg som spydkastar allereie som 18-åring. Han kasta då spydet nesten 83 m som lengst. Året etter flytta han sin personlege rekord til over 85 m, og 20 år gammal forbetra han sitt besteresultat til 90,18 m. I den sesongen fekk han sølvmedaljen i den finske meisterskapen med eit kast på 89,90 m. Sitt einaste finske meisterskap vann han i 1982, same sesongen kom han på 5. plass i EM. Under VM året etter i heimbyen Helsingfors lukkast han ikkje å kvalifisere seg til finalen.
I 1984 var han i sitt livs beste form. Han kasta då som lengst 92,40 m. Ettersom DDR boikotta dei olympiske sommarleikane i Los Angeles, slapp han å møte både den regjerande europameisteren (Uwe Hohn) og den regjerande verdsmeisteren (Detlef Michel). Härkönen vann OL-gullet med eit kast som var nøyaktig like langt som hans bestekast i EM to år i førevegen. I 1985-sesongen hamna han litt bak dei beste finske spydkastarane, og valde å leggje opp.
Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap