«You Don't Know Me» er ein song skriven av Cindy Walker basert på ein tittel og ei soge ho fekk av Eddy Arnold i 1955. «You Don't Know Me» var først spelt inn av Arnold det året og gjeven ut på singel den 21. april 1956 på RCA Victor.[1] Den første versjonen av songen som nådde Billboard-lista vart gjeven ut av Jerry Vale i 1956, med ein 14. plass på poplista. Arnold sin eigen versjon gjekk inn på lista to månader seinare, med «The Rockin' Mockin' Bird» som B-side. Denne nådde 10. plassen på Billboard country-lista. Magasinet Cash Box, som kombinerte alle versjonane til ei plassering inkluderte òg ein versjon av Carmen McRae som aldri nådde Billboard Top 100.