Vinter-OL 2006
Dei 20. olympiske vinterleikane vart haldne i 2006 i Torino i Italia. Det var andre gong Italia arrangerer vinter-OL, første gong var i Cortina d'Ampezzo i 1956. Det vart tredje OL i Italia til saman, ettersom sommar-OL 1960 gjekk i Roma. 20 000 frivillige var involvert i leikane, dei tok imot utøvarane, tilskodarane og journalistane, og gjorde i stand arenaene til tevlingane. Tevlingane vart arrangert i sju ulike byar: Torino, Bardonecchia, Cesana Torinese, Pinerolo, Pragelato, Sauze d'Oulx og Sestriere. Maskotane var Neve og Gliz. Neve (it. 'snø') er ein kvinneleg snøball, og Gliz er ein energisk mannleg isbit. Norsk flaggberar under opningsseremonien var Pål Trulsen, som deltok i curling. ![]() Valet av arrangørstadTorino fekk leikane i første rekkje i konkurranse med Sion i Sveits. Under IOK-kongressen i Seoul i 1999 blei Torino vald til arrangør i siste røysterunde med 53 mot 36 røyster. Helsingfors i Finland, Poprad-Tatry i Slovakia, Zakopane i Polen og Klagenfurt i Austerrike fall ut tidlegare i stemmeperioden. Sion var den store favoritten, derfor var det overraskande at Torino vann. At italienarane trekte det lengste strået kan blant anna ha hatt samanheng med at Roma tapte konkurransen om sommarleikane i 2004 i konkurranse med Athen. Idrettsgreiner
Kalender
Den norske troppenNoreg deltok med 74 deltakarar i OL i Torino. Sjå norske deltakarar i Vinter-OL 2006. Noreg tok 19 medaljar totalt, av desse var 9 bronse, 8 sølv og berre 2 gull. Dette var det svakaste resultatet sidan Vinter-OL 1988 og skapte ein debatt i media etter OL om kva som gjekk gale. Det var særleg langrennsløparane som presterte under det som var forventa på førehand. Desse nordmennene tok medalje: Alpint:
Freestyle:
Kombinert:
Langrenn:
Skihopping:
Skiskyting:
Snøbrett:
ResultatMedaljestatistikk(etter 84 av 84 øvingar) width=325px
Poengfordeling(etter 84 av 84 øvingar)
Poenga er rekna ut slik: Gull: 7 poeng, sølv: 5 poeng, bronse: 4 poeng, 4. plass: 3 poeng, 5. plass: 2 poeng, 6. plass: 1 poeng Bakgrunnsstoff
![]() |