Alpine greiner under Vinter-OL 2006 i Torino vart avvikla i kommunane Sestriere og Cesana Torinese, høvesvis 100 km og 97 km vest for Torino, i tida 12. - 25. februar 2006. Øvingane omfatta ti tevlingar, fem kvar for både kvinner og menn. Sju av tevlingane, alle for menn, samt slalåm og storslalåm for kvinner, fann stad i Borgata og Colle i Sestriere. Dei tre andre kvinne-tevlingane fann stad ved vintersportsarenaen San Sicario i Cesana Torinese. På dei ulike arenaene var det plass til 6 160 - 8 560 tilskodarar.
Dato: 17. februar (slalåm) 18. februar (utfor)
Start: 2170 m, mål: 2030 m
Høgdeskilnad: 140 m
Start: 2286 m, mål: 1738 m
Løypelengd: 2 331 m, høgdeskilnad: 548 m