Vinter-OL 2014
![]() ![]() Vinter-OL 2014 vart arrangert 7.—23. februar 2014 i Sotsji i Russland som dei 22. olympiske vinterleikane. Den internasjonale olympiske komitéen avgjorde dette 4. juli 2007 på eit møte i Guatemala by. IdrettsgreinerSøknaderDa søknadsfristen gjekk ut 28. juli 2005 hadde Almaty (Kasakhstan), Borjomi (Georgia), Jaca (Spania), Sofia (Bulgaria), Sotsji (Russland), Pyeongchang (Sør-Korea) og Salzburg (Austerrike) levert inn søknader. I tillegg hadde det vore diskutert i Noreg og Sverige om ein skulle søkje. I Noreg stod det mellom Lillehammer eller Tromsø. Forkjemparar for eit OL i Tromsø jobba for å få til ein søknad, men regjeringa og Stortinget sa nei til statsstøtte til prosjektet. Almaty, Borjomi, Jaca og Sofia vart eliminert av IOC 22. juni 2006. I «finalen» 4. juli 2007 rauk Salzburg ut i den første avrøystinga, slik at valet altså stod mellom Sotsji og Pyeongchang i omrøystinga. Det var Sotsji som tok sigeren. Sjå ogsåBakgrunnsstoff
|