Den tyske konkurransen blei laga som eit samarbeid mellom det offentlege tv-selskapet ARD og det private selskapet ProSieben, med komikar og musikkprodusent Stefan Raab som prosjektleiar.[6] Finalen var lagd opp som eit Idol-aktig talentshow, kalla Unser Star für Oslo (‘vår stjerne for Oslo’). Rundt 4 500 personar møtte opp til prøvesynginga, og blant dei var Lena Meyer-Landrut. Ho avanserte raskt i konkurransen og blei straks den store favoritten framfor finalen 12. mars.
I finalen stod Meyer-Landrut og Jennifer Braun igjen i konkurransen. Dei to finalistane framførte tre songar kvar som var spesialskrivne for konkurransen: «Bee», «Satellite» og «Love Me». Gjennom sms-avrøystinga blei Lena Meyer-Landrut kåra til vinnar, mens vinnarsongen blei «Satellite», skriven av USA-amerikanaren Julie Frost og dansken John Gordon. Musikkvideoen for «Satellite» blei laga i løpet av natta etter finalen og blei fyrste gong vist i Tyskland fire dagar seinare.[7]
Eurovision Song Contest
Som eit av «de fire store landa» i Eurovision Song Contest var Tyskland direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest 2010 laurdag 29. mai. Fleire veker før konkurransen blei Meyer-Landrut trekt fram som en favoritt saman med Aserbajdsjan. Google rekna også med at Tyskland ville vinne, basert på popularitet i søk blant dei deltakande landa.[8]Aftenposten trekte også fram at ho fekk mest pressemerksemd av alle deltakarane i konkurransen.[9] Dette skuldast nok like mykje den avslappande haldninga til Lena Meyer-Landrut hadde til pressa, ei haldning som har blitt omtala som «kjapp i replikken», «reservert» og «arrogant».[10][11][12]
Under finalen i Telenor Arena var Tyskland det 22. landet ut på scena av 25 deltakarar. I ein enkel, svart kjole framførte Meyer-Landrut songen med fire støttevokalistar og utan særleg koreografi – stikk i strid med Eurovision-tradisjonen.[13]
I avrøystinga forsvara Meyer-Landrut favorittstempelet, og Tyskland vann med 246 poeng. «Satellite» fekk 12 poeng frå blant andre Finland, Danmark, Noreg, Sverige, Slovakia, Sveits og Spania.[14] Dette var den fyrste sigeren til Tyskland sidan 1982, og den fyrste sigeren til Tyskland som eit sameint land.
Sigeren til Meyer-Landrut fekk mykje merksemd i Tyskland, og finalen blei sett av 14,69 millionar sjåarar på tysk fjernsyn – ein marknadsandel på 49,1.[15] Dagen etter finalen landa Meyer-Landrut i Hannover, og ho blei møtt av over 40 000 menneske på flyplassen.[16]
Salssuksess
Dagen etter sigeren i tyske Unser Star für Oslo sette Meyer-Landrut listerekord i Tyskland, då alle tre finalebidraga hennar debuterte på topp fem på den tyske singellista.[17] Både «Satellite» og det fyrste albumet hennar, My Cassette Player, debuterte på nummer éin på den tyske singel- og albumlista. «Satellite» har blitt sertifisert med dobbelt platina, og albumet har blitt sertifisert med fem gongar gull etter å ha seld over 500 000 eksemplar.[2][3][4] Vinnarsongen «Satellite» blei liggjande på topp i fem veker, og han gjekk også inn på hitlistene i Austerrike og Sveits.
Etter sigeren i Eurovision Song Contest 2010 gjekk «Satellite» også rett inn på fyrsteplass på norske VG-lista.[18] Utanom dei norske vinnarbidraga «Fairytale» (2009) og «La det swinge» (1985) var dette fyrste gongen på 28 år at ein Eurovision-vinnar toppa VG-lista. Førre gongen var også ein tysk vinnarsong: «Ein bißchen Frieden[19]» frå 1982.[20] «Satellite» gjekk også til topps på singellistene i Sverige, Danmark, Sveits og Finland.