ABBA deltok i Melodifestival 1974, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 1974, med den engelske versjonen av songen «Waterloo». Gruppa vann tevlinga med 302 poeng og fekk representere Sverige i Eurovision Song Contest 1974.
Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest
I 2005 vart det arrangert eit jubileumsshow for Eurovision Song Contest der ein skulle røyste fram det mest populære bidraget gjennom tidene. 14 bidrag vart valde ut til å deltake, og «Waterloo» av ABBA var eit av dei. Det var to røysterundar som båe vart vunne av «Waterloo» med høvesvis 331 poeng og 329 poeng.
I 1974 spelte Seija Simola og Ami Aspelund inn kvar sin finskspråklege coverversjon av «Waterloo». Songane låg inne på topp ti på den finske hitlista i same periode som den opphavlege songen lag på fyrsteplass.
Den svenske countrygruppa Nashville Train, der òg nokon av medlemmane i støttegruppa til ABBA spelte, hadde songen med på albumet deira på 1970-talet.
Popgruppa The Wynners frå Hongkong spelte inn ein coverversjon av songen. Songen var sist teken med på albumet deira frå 2007, Stars on 33.
I 1986 vart ein coverversjon av songen spelt inn og utgjeven av Doctor and the Medics, med Roy Wood på saksofon og som støttevokalist nådde songen 45. plass på den britiske hitlista.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2021