Bakı Kristal Zalı (aserbajdsjansk for Baku krystallhall) er ein innandørs fleirbrukshall i Baku i Aserbajdsjan. 25. januar 2012 vart det klårt at hallen ville vere arena for Eurovision Song Contest 2012. Hallen skulle opne 31. mars2012, men opninga vart utsett til 16. mai på grunn av vêrforholda.
Mogleg terrormål
Tryggingsdepartementet i Aserbajdsjan hevda at dei hadde avverja eit mogleg terroråtak på Bakı Kristal Zalı då dei arresterte om lag 40 personar i Aserbajdsjan. Under arrestasjonen vart éin person drepen. I tillegg til arenaen var òg politibygningar, hotell, mellom anna Hilton Baku og JW Marriott Absheron Baku Hotel, moskear og den aserbajdsjanske presidenten İlham Əliyev moglege terrormål.[1][2]