Rjukanbanen vart bygd i samband med Norsk Hydro sine store fabrikkprosjekt på Rjukan. Det var trong for å få transportert råstoff inn, og produkt ut til kysten. Rjukanbanen var den fyrste normalspora og elektriske jarnbanen i Noreg.
Rjukanbanen vil for alltid vera knytt til framveksten av storindustri i Noreg, men òg til norsk krigshistorie. Kampen om tungtvatnet under andre verdskrig vart avslutta då norske sabotørar senka jarnbaneferja «Hydro» på Tinnsjøen den 20. februar1944.
4. juli1991 gjekk siste tog på Rjukanbanen. Norsk Hydro hadde flytta produksjonen sin andre stadar, og hadde ikkje lenger trong for eit storstilt transportsystem.
Årstala viser kva tid staden vart teken opp på verdsarvlista. 1Delt mellom Estland, Finland, Kviterussland, Latvia, Litauen, Moldova, Noreg, Russland, Sverige og Ukraina.