Rjukan-Notodden industriarv er ein verdsarvstad i Telemark, oppretta for å verna industrilandskapet rundt Rjukan og Notodden, med jarnbane og jarnbaneferjer på Tinnsjå.[1][2] Verdsarvstaden er sentrert rundt utnyttinga av vasskraft frå innsjøen Møsvatn og vassdraget derifrå, ned gjennom Tinnsjå og ned til Heddalsvatnet og Tinnåa, der det vart bygt vasskraftverk og storskalaindustri på Norsk Hydro for å produsere kunstgjødsel av naturbasert nitrogen. Komplekset omfattar òg transportsystemet, med privatjarnbanene Rjukanbanen og Tinnosbanen, og Tinnsjøferjene DF «Ammonia» og MF «Storegut», tilføring av strøm, busetnad og ei rekkje byinstitusjonar knytte opp mot leiing og arbeidarar i dei to byane og fabrikkar.[2]
Rjukan-Notodden industriarv blei ført opp på den tentative verdsarvlista i 2009 saman med Odda–Tyssedal industriarv.[3][4] 5. juli 2015 vart staden ført opp på verdsarvlista.[5][6]
Kjelder
↑Rjukan - Notodden industriarv : nominasjon til Unescos verdensarvliste : nominasjonsdokument. Redigert av Trond Taugbøl og Eystein M. Andersen ; utarbeidet av Riksantikvaren på vegner av Klima- og miljødepartementet. Oslo, 2014. 457 sider. (pdf)
Årstala viser kva tid staden vart teken opp på verdsarvlista. 1Delt mellom Estland, Finland, Kviterussland, Latvia, Litauen, Moldova, Noreg, Russland, Sverige og Ukraina.