Ved opninga i 1872 var Krøderbanen smalspora med ei sporvidde på 1067 mm, men vart bygt om til normalspor på 1435 mm i 1909.[1] Tømmertransport frå Hallingdal til Drammen var den viktigaste kjelda til innkomme for banen.
Frå Krøderen stasjon i den sørlege delen av innsjøen var det samband med dampbåt til Gulsvik. Båtturen tok 2 1/2 time med D/S «Haakon Adelsten», «Krøderen» og «Norefjeld». Siste dampbåt gjekk i 1925. Da strekninga Voss-Gulsvik på Bergensbanen vart
teken i bruk i 1908 var det stor trafikk på Krøderbanen, men etter at Bergensbanen opna til Hønefoss og Oslo i 1909 var det berre lokaltrafikk.[1]
Freding
Stasjonsområdet på endestasjonen Krøderen er freda saman med rundt 2,6 kilometer av banen.[2]