Jærbanen har eit sidespor, Ålgårdbanen, som går frå Ganddal til Ålgård, ein avstand på 12 kilometer. Ålgårdbanen hadde passasjertrafikk frå opninga i 1924 og fram til 1955, men vanleg godstrafikk heldt fram til 1988. I dag kan du i sommarhalvåret leiga dresin på den nedlagde Figgjo stasjon, som er eit museum.
Maurholen haldeplass. «Lille Sirevaag» haldeplass frå 1879 til 1921. "Lille Sirevåg" haldeplass frå 1921 til 1934. Maurholen haldeplass frå 1934 til 1944.
Egersund stasjon - 11,1 moh. Stasjonen vart opna 1944 i samband med opninga av Sørlandsbanen. Den gamle stasjonen frå 1878 låg vel ein kilometer frå den nye stasjonen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.