Nordlandsbanen er ei jernbanestrekning i NSB sitt rutenett mellom Bodø og Trondheim. Banen vart opna til Bodø den 7. juni1962 og er ikkje elektrifisert. Strekninga er 729 km lang. Nordlandsbanen er viktigast som godsbane, men mellom Trondheim og Steinkjer (Trønderbanen), samt Bodø og Rognan er det ein heil del lokaltrafikk. Strekninga mellom Trondheim og Steinkjer er ferdig prosjektert for elektrifisering. Elektrifiseringsprosjektet vil starte i 2020.[1]
Før 2008 vart namnet nytta på strekninger Hell–Bodø.
Persontrafikken på Nordlandsbanen blir kjørt med motorvogner av typene NSB type 92 (Trønderbanen) og NSB type 93, og med togsett trukke av lokomotivtype Di 4 med B5-vogner, samt to WLAB2sovevogner på nattoga. I godstoga blir det for det meste nytta lokomotiv av type CD 312 - unntaksvis av type Di 8.
Det er tinga nye bimodale togsett som blir levert frå 2020. Dette er elektriske togsett som vil gå på diesel på strektningar som ikkje er elektrifiserte.[2]
Modernisering
Elektrifisering
Søndre del av Nordlandsbanen frå Trondheim til Steinkjer er planlagt elektrifisert saman med Meråkerbanen og Stavne–Leangenbanen. Bane Nor har utarbeidd deltaljplanar for arbeidet. Arbeidet vil starte i 2020.[3]
Dobbeltspor
Bane Nor har lagt fram planar om dobbeltspor mellom Trondheim og Steinkjer.[4] Det vil bli bygd ut etappevis. Det er påstarta dobbeltspor på strekninga Hell–Værnes som vil bli ferdig når ERTMS er innført. Som ein del dobbeltsporet er ei ny bru over Stjørdalselva som vart opna i 2016.[5]
ERTMS
Arbeidet med å førebu innføring av signalsystemet ERTMS har starta på Nordlandsbanen. Strekninga Grong - Bodø vil bli mellom dei første i Noreg som får ERTMS. Det er planlagt å skje i 2022.[6]