Bodø ligg nord for polarsirkelen (67° 17" N 14° 23" O) og har midnattssol frå 4. juni til 8. juli. Byen si plassering midt mellom hav og innland har gjeve han eit solid næringsgrunnlag.
Bodø er ein av byane i Noreg som har hatt størst vekst sidan 1990-åra. I 2004 hadde Bodø ein vekst på 691 personar — ikkje inkludert kommunesamanslåinga med Skjerstad). Universitetet i Nordland har over 6 000 studentar.
Namn og etymologi
Namnet Bodø dukkar fyrst opp i det 16. hundreåret som eit len under lensherresetet Bodøgård, som ligg om lag tre kilometer sørausst for dagens sentrum, i Bodøsjøen bydel. Det norrøne namnet på denne garden var Bodin, som trulig er sett saman av det gamalnorske boði «båe, undervasskjer», etter båene i vika utanfor Bodøsjøen, som er staden der naustet for garden låg, og vin, som kan verte omsett med «hamnegang, eller grasslette». I så fall tyder Bodin «grassletta ved båe-vika». Dette namnet, som ein uttalte som «Bådin», med trykk på å-en og tonefall som i «Karin», utvikla seg i folkemålet til Bòddøya («Båddøya»). Bodø er ei fordansking av den forma. Ein annen etymologisk teori er at namnet kjem frå ordet Bodeiar, som betyr øya med buer. Øya kan då vere heile Bodøhalvøya, og buene er det ordet ein nytta for alle hus. Ordet tyder halvøya der folk bur.[1]
Historie
Bodø vart grunnlagd i 1816 då faktoriet Hundholmen fekk bystatus. Hundholmen endra då namn til Bodø. Byen var tenkt som ein handelsby for nordnorske fiskarar i staden for Bergen. Byen voks lite dei fyrste 50 åra, men eit godt årleg sildefiske frå 1865 til 1874 gav nytt vekstgrunnlag. I 1900 budde det rundt rekna 3000 menneske i Bodø.
27. mai 1940 vart størsteparten av Bodø by lagt i grus av tyskebombefly. 3500 av dei 6000 innbyggjarane vart huslause, og knapt 200 hus stod att. 15 menneske omkom, av dei 13 bodøværingar og 2 britiskesoldatar.
Gjenreisinga av Bodø starta då krigen slutta i 1945 og vart erklært ferdig i 1951. Takk vere god styring og forbod mot brakkereising vart byen ein av dei best planlagde i Noreg. Ein ny stor flyplass vart opna i 1952, Bodø domkyrkje i 1957, og Bodø stasjon på Nordlandsbanen i 1962.