Antwerpen er ein kommune og by i den belgiske provinsen Antwerpen. Antwerpen har lenge vore ein viktig belgisk by både økonomisk og kulturelt. Han ligg på høgre sida av elva Schelde, som går til Nordsjøen via Westerschelde. Hamna i Antwerpen er ei av dei største i verda, og i Europa er berre hamna i Rotterdam større.
Under Den andre verdskrigen vart Antwerpen frigjort 8. september1944 av den britiske 11th Armoured division. Etter frigjeringa prøvde tyske styrkar å øydeleggje hamna med V-2 rakettar.