Kirkenes-Bjørnevatnbanen, òg kalla Sydvarangerbanen, er ein rundt 9 km lang malmbane som tidlegare tilhøyrte A/S Sydvaranger. Den vart lagt ned i 1996, men som eit ledd i gjenopninga av gruvene på Bjørnevatn vart banen gjenopna i 2009.[1] I dag er det det australske gruveselkapet Northern Iron som eig banen. Ombygginga var klar våren 2009 og drifta tok til i september.[2] Banen var verdas nordlegaste jernbane, til Obskaja–Bovanenkovobanen vart opna i 2010.
Det har heilt sidan Sovjetunionen fall vore planar om å bygge jenbanelinje vidare frå Kirkenes til Russland.[3][4] Det er òg snakk om mogleg bygging av jernbane frå Kirkenes til det finske nettet ved Rovaniemi.[5] Kirkenes–Bjørnevatnbanen har normalspor, så dersom sjølve linja som blir brukt av malmtoga skal nyttast, må den og gruveselskapet sine lokomotiv og vogner tilpassast finsk-russisk sporvidde.