Arendalsbanen, eller Arendalslinja eller Nelaugbanen, er ei sidelinje til Sørlandsbanen. Arendalsbanen som går mellom Nelaug og Arendal. Heile banen ligg i Agder fylke.
Banen blir i dag hovudsakleg nytta av passasjerar mellom Arendal og Oslo, og dei må bytte tog på Nelaug. Frå Nelaug er det òg samband til Kristiansand og Stavanger. Arendalsbanen har sidan 1970-talet støtt vore trua av nedlegging. Arendalsbanen vart opphavleg ikkje bygd som sidelinje, men som ein sjølvstendig bane som skulle knytte Arendal til opplandet rundt byen.
Oppgradering
Banen vart elektrifisert i 1995. I 2005 vart det opna ein ny haldeplass på Stoa som er det nye handleområdet der banen kryssar E18. I 2014 blei signalsystemet på banen oppgradert med fjernstyring og FATC.
Arendalsbanen er planlagt utstyrt med signalsystemet ERTMS i 2028.[1]
Drift
Banen er ein av Trafikkpakke 1 Sør.[2] Resultatet av konkurransen var at NSB tapte og det britiskeigde selskapet Go-Ahead Norge overtok drifta frå 15. desember 2019.[3][4] Toga på banen som er eigd av Norske tog, blir trafikkert med elektrisk motorvognsett type 69H (3 vogner) bygd i 1983-84.