Perm (russisk Пермь) er ein by i Russland ved elva Kama ved foten av Uralfjella. Byen er hovudstaden i regionen Perm kraj i den europeiske delen av Russland. Han har like over 1 million innbyggjarar og er eit viktig transportknutepunkt, med fire jernbanelinjer, elvehamn og flyplass. Byen har mykje tungindustri som sysselset nær 80 % av innbyggjarane.
Historie
Under tidlegmellomalderen budde finsk-ugriske stammar i området. På 1200- og 1300-talet blei det busett av russiske pelshandlarar og misjonærar frå Novgorod, og etter kvart blei dei første tettstadene grunnlagde etter ordre frå Moskva.
Perm er først nemnd som landsbyen Jagosjikh i 1647. Den verkelege byhistoria tok likevel først til Peter I av Russland si utvikling av Uralregionen. Byen blei grunnlagd av Vasilij Tatisjev, tsarutnemnd leiar for industriutviklinga i området, den 17. mai1723. 29. oktober1781 fekk han bystatus og det nye namnet Perm, og tjue år etter var han provinshovudstad.
Perm er eit viktig administrativt, kulturelt, industrielt og vitskapleg senter. Hovudverksemdene er maskinproduksjon, forsvar, tre, kjemisk og petroleumsverksemd – rundt 3 % av den russiske petroleumsproduksjonen kjem frå Perm.
Perm har eit universitet, grunnlagd i 1916, og to katedralar frå 1700-talet. FotballklubbenAmkar, som har spelt i den russiske eliteserien sidan 2004, kjem frå Perm.