Krasnovisjersk (russisk Краснови́шерск) er ein by i Perm kraj i Russland med om lag 17 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Visjera, på vestsida av Uralfjella, rundt 270 km nord for Perm.
Byen voks ut av busetnaden Vizjaikha (russisk: Вижаиха). Han fekk bystatus i 1942.