Tsjernusjka (russisk Черну́шка) er ein by i Perm kraj i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tanyp, ei sideelv til Belaja, rundt 170 km sør for Perm.
Han vart første gong nemnt som ein landsby i 1859. I 1919 vart ein jernbanestasjon bygt nær landsbyen, som opplevde ein stor folkeauke som følgje av dette. Grunnlegginga av byen vert rekna som 1945 då han fekk status som urbanliknande busetnad. I 1966 fekk han bystatus.