Nikolaj Gennadijevitsj Basov (fødd 14. desember 1922 i Usman, død 1. juli 2001 i Moskva) var ein sovjetisk fysikar og pedagog.
Han var assisterande direktør frå 1958 til 1972 og frå 1973 direktør ved Lebedev instituttet for fysikk i Moskva. Frå 1963 var han òg professor i faststoff-fysikk ved Moskva fysikalsk-tekniske institutt. Basov utvikla saman med Aleksandr Prokhorov ein metode for forsterking av elektromagnetiske bølgjer ved å eksitere atom eller molekyl slik at dei etterpå kunne sende ut stråling med same frekvens som den innkomande bølgja (stimulert emisjon). Metoden blir no til nytta forsterkning av mikrobølgjer (masar) og ljos (laser). Han vart samstundes utvikla av Charles Hard Townes i USA, og desse tre vart i 1964 saman tildelt Nobelprisen i fysikk for oppfinninga.
Prisar og utmerkingar
(utval)
Kjelde
Nobelprisen i fysikk
1964
|
---|
1901–1925 | |
---|
1926–1950 | |
---|
1951–1975 | |
---|
1976–2000 | |
---|
2001– | |
---|