Erwin Schrödinger vart fødd i Wien. Han vart professor i Stuttgart i 1920, Breslau i 1921, Zürich 1921-27, Berlin, Oxford 1933-36 og i Graz inntil 1938, då han emigrerte til Irland, der han arbeidde ved det nyoppretta Institute for Advanced Studies i Dublin. I 1956 vende han tilbake til Wien, der han vart Professor Emeritus i 1958.
Etter å ha arbeidt med statistisk termodynamikk og teorien for fargesynet, byrja Schrödinger å arbeide med atomteori. Han bygde vidare på Louis de Broglie si førestilling om materiebølgjer og bølgje-partikkel-dualisme, og utvikla i 1926 bølgjemekanikken med midtpunkt i Schrödingerlikninga, som står som ein av formene for den ikkje-relativistiske kvantemekanikken («Abhandlung zur Wellenmechanik» 1927). Kort tid seinare lukkast det han i å påvise den matematiske ekvivalensen av hans eigne hypotesar med den matrisemekanikken som Werner Heisenberg hadde utvikla. Københavnerskolens tolking av kvantemekanikken avviste Schrödinger, idet han heldt fast ved ei realistisk oppfatninga av kvantemekanikken. I eit berømt tankeeksperiment, kjent som Schrödingers katt, illustrerte han paradokset at kvantemekanikken tillèt at partiklar eksisterer i superposisjonar, medan større ting som kjent ikkje kan det.
Seinare arbeidet han med problemstillingar innanfor relativistisk kvantemekanikk (mellom anna zitterbevegelsen), gravitasjonsteori og den einskaplege feltteorien. Ved sidan av dette dreiv han med filosofiske spørsmål (mellom anna «Die Natur und die Griechen» og «Was ist ein Naturgesetz», 1962). Skriftet hans «What is Life» frå 1946 hadde varig verknad på den seinare molekylærbiologien. For bidraga sine til oppbygginga av kvantemekanikken mottok han i 1933, saman med P.A.M DiracNobelprisen i fysikk. Schrödinger vart i 1956 utnemnd til den tyske ordenen Pour le Mérite für Wissenschaften und Künste. Han døydde i Wien.