På byrjinga av 1960-talet utførte Lederman, Schwartz og Steinberger eksperiment ved Brookhaven National Laboratory der dei nytta ein partikkelakselerator for å generere ein stråle av nøytrinoar, partiklar som ikkje har nokon merkbar masse eller elektrisk ladning. Det var kjend at når nøytrinoar trefte materie, vart det nokre gonger generert elektron eller elektronlike partiklar som kalles myon. Det var derimot ikkje kjend om dette kom av at det fanst ulike typar nøytrinoar. Lederman, Schwartz og Steinberger viste at dette var tilfelle og kalla den tidlegare uidentifiserte typen av nøytrinoer som genererte myon for myonnøytrino.
Denne oppdaginga førte til innsikta i at leptona, den familien av partiklar som elektron og nøytrinoar høyrer til, danner «familiar» av partiklar. Dette er no ein del av standardmodellen som skildrar oppbygginga og kategoriseringa av elementærpartiklane.