Mitzpe Yeriho (hebraisk skrift מִצְפֵּה יְרִיחוֹ, tyder Jeriko-utposten) er ein kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg 20 km aust for Jerusalem og 10 km aust for Ma'ale Adummim i Judeaørkenen og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 700. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[2]
Busetjinga vart grunnlagd i oktober 1977
Geografi
Landsbyen ligg på ei av dei siste klippene som markerer kanten av Judeafjella, oppom Jordandalen, Daudehavet og den gamle byen Jeriko, som han har fått namn etter. Klimaet er tørt med temperaturar nokre få grader over Jerusalem året rundt.
Kjelder
Bakgrunnsstoff