Nili (hebraisk skrift נִילִ"י) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda aust for Modi'in , nokre få hundre meter frå den palestinske landsbyen Deir Qaddis , 3,8 kilometer aust for Den grøne linja .[ 1] Det hovudsakleg sekulære, jødiske samfunnet med eit folketal på 846 (2009) vart grunnlagd i 1981. Han er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune .[ 2]
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten .[ 3]
Busetjinga vart kalla opp etter det jødiske spionasjenettverket NILI , som assisterte Storbritannia i kampane mot Det osmanske riket i området under fyrste verdskrigen .[ 4]
Kjelder