Geva Binyamin (hebraisk skrift גֶּבַע בִּנְיָמִין. tyder Benjaminåsen), òg kalla Adam (hebraisk skrift אדם), er ei kollektiv, israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Namnet Geva Binyamin kjem frå ein stad i Bibelen med same namn, som skal ha lege i dette området.[2] (t.d. Josva 18:24) Han ligg fem kilometer nordvest for Jerusalem og høyrer til Mateh Binyamin regionale kommune. I 2007 var folketalet 3 500.
Landsbyen vart grunnlagd i 1984 av medlemmar av Adam gar'in.
Kubur Bani Yisra’il ligg i utkanten av busetjinga.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff