Ateret (hebraisk skrift עֲטֶרֶת) er ei israelsk busetjing organisert som ein fellesbusetnad i Samariafjella på den okkuperte Vestbreidda underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. Han ligg 40 km nordvest for Jerusalem, 760 meter over havet. Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Vestbreidda ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.[2][3][4]
Landsbyen var ein av dei første busetjingane som vart grunnlagd etter seksdagarskrigen i området. Namnet kjem frå ein gammal jødisk landsby med same namn, som låg i nærleiken av den palestinske landsbyen 'Atara. Han vart grunnlagd i august 1981.