Amona (hebraisk skrift עמונה) er ein israelsk utpost sentralt på Vestbreidda. Han ligg på ein ås oppom Ofra og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. Landsbyen vart grunnlagd i 1995 på privateigd, palestinsk land. I 2012 var folketalet kring 200.[1]
Namnet kjem frå Josvas bok 18:24, der han er kalla Kfar HaAmmonai, som tyder Amonittarlandsbyen.
Kjelder