Giv'at Asaf (hebraisk skrift גִּבְעַת אָסָף eller Givat As(s)af, tyder Asafåsen) er ein israelsk utpost på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg 3,5 km frå busetjinga Beit El og er underlagt Mateh Binyamin regionale kommune. Han vart grunnlagd i mai 2001 etter mordet på Asaf Hershkovitz, ein innbyggjar i Ofra, som han er kalla opp etter. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]
Kjelder