██ Signert og ratifisert██ Tilslutta██ Overheld etter traktat, men utanfor (Taiwan)
██ Trekt seg (Nord-Korea) ██ Ikkje signert (India, Israel, Pakistan, Sør-Sudan)
Ikkjespreiingsavtalen (engelsk Nuclear Non-Proliferation Treaty, også kalla NPT-avtalen) er ein internasjonal traktat om ikkje å spreia atomvåpen i verda. Han blei underskriven i London, Moskva og Washington 1. juli 1968, og blei verksam 5. mars 1970. Avtalen er underskriven av 189 suverene statar (2014).
Innhald
Avtalen forbyr statar som har atomvåpen å overføra desse til land som ikkje har atomvåpen fra før. Atommaktene skal heller ikkje oppmuntre eller hjelpa andre land med å skaffa seg slike våpen.
For statar som ikkje har atomvåpen legg avtalen ned forbod mot å motta desse eller å framstilla dei. Statar utan atomvåpen skal inngå kontrollavtalar med Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) med ikkje-spreiing som mål. Elles skal medlemslanda hjelpa kvarandre med å nytta atomenergi til fredelege formål. Dei skal også forhandla seg fram til ein stopp på atomkappløpet, til atomnedrustning og til generell og fullstendig nedrusting.[1]