Hjorten (Cervus elaphus) er eit stort hjortedyr vanleg i mesteparten av Europa,[1]Kaukasus, Vesle-Asia og Atlasfjella. Han høyrer med mellom dei kommersielt viktigaste ville dyra på landjorda i Noreg; det siste tiåret har det vorte skote over 20 000 dyr i året.[2] Hannen hjå hjort vert kalla bukk eller kronhjort, hoa hind eller kolle og ungane kalvar.