Integrated Taxonomic Information System (ITIS) er ein amerikansk organisasjon som blei skipa i 1996[1] og som samlar informasjon om plantar, dyr, sopp og mikroorganismar. Han blei oppretta for å fremja samarbeidet mellom amerikanske føderale byrå, men etterkvart tok fleire byrå frå andre land, som Canada og Mexco, del i samarbeidet. Målet til ITIS er å skapa ein tilgjengeleg database med påliteleg informasjon om artsnamn og vitskapleg klassifisering. ITIS har størst fokus på nordamerikanske artar, men ITIS samarbeider òg med andre byrå om å auka den globale dekkinga si.[2]
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff