Klappmyss (Cystophora cristata) er ein sel som lever i Nord-Atlanterhavet både på europeisk og amerikansk side, sørover til norskekysten.
Klappmyssen ynglar på pakkisen, men streifdyr kan vandra langt sørover, heilt til Portugal. Hannar kan nå ei lengd på 2,5 meter og vekt på 400 kilo, medan hoene er mindre, med ei snittvekt på 160 kilo.
Det vert drive fangst på selungane for pelsen si skuld. Klappmyssen kan dykka ned til 1000 meter og vera under vatn i nesten ein time. I tillegg til fangst av menneske, er klappmyssen også byttedyr for isbjørn og spekkhoggar. Storleiken på den globale bestanden vart i 2007 estimert til under 600 000 dyr.[2] Bestanden i Nordaust-Atlanteren er minkande, og dette har ført til at Noreg har innstilt fangst av arten. Nedgangen i bestanden har likevel halde fram.[3]