Storflaggermus (Nyctalus noctula) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Eurasia frå Sør-Skandinavia og Frankrike i vest til Kaukasus og Uralfjella i aust, dessutan spreidd i fjellområde i Asia som Himalaya og Kasakhstan. Ho er utdøydd i Portugal.[1] Storflaggermus vart første gong sikkert funnen i Noreg på Finnøy i Rogaland i 1987. Etter dette er arten funnen fleire gonger, særskilt på Austlandet. Storflaggermusa trekkjer om vinteren, og den norske bestanden tilbringer truleg vinteren utanfor landegrensene.[2]