Vånd eller jordrotte (alternativt vassrotte), latin Arvicola amphibius (tidlegare Arvicola terrestris), er eit pattedyr i hamsterfamilien. Vånden lever i eit stort område i Eurasia, frå Noreg,[1]Frankrike og Storbritannia i vest til Bajkalsjøen i aust, og sør til Iran og Syria.[2] Mange stader er han så talrik at han vert rekna som eit skadedyr. Han lever ved elver og myrer, og er flink til å symje og klatre.