Gasoline Alley er det andre soloalbumet til den britiske songaren Rod Stewart. Det kom ut i juni 1970. Det vart opphavleg gjeve ut i Storbritannia på Vertigo og kom ut på ny i 2008 med remastra lyd av eit russisk selskap, Lilith Records.[5] Albumet består av både coverlåtar og Stewart sine eigne songar.[1] Som mange av soloalbuma til Stewart på denne tida, spelar fleire medlemmar frå bandet hans, Faces, på plata.
Mottaking
Albumet fekk positiv omtale då det kom ut, og Langdon Winner i Rolling Stone meinte at Stewart hadde «ein sjeldan sensitivitet for skjøre augneblink i eksistensen til ein person»,[3] og at dette albumet var «eit verk av i høgaste grad ein bra artist».[3]
Ronnie Wood – gitar, flaskehalsgitar, akustisk gitar, bass
Ronnie Lane – bass på «My Way Of Giving» og «You're My Girl», vokal på «My Way Of Giving»
Ian McLagan – piano, orgel (i plateomslaget står det: «Mac er ikkje tilgjengeleg på grunn av busstreik». Men i den amerikanske utgåva av plata står han oppført, som indikerer at han vart lagt til seinare)[6]