Body Wishes har fått dårlege meldingar. Då det kom ut gav Rolling Stone det to av fem stjerner og kalla det «han siste og ganske visst hans dårlegaste», sjølv om dei likte opningssongen «Dancin' Alone», og kalla han «ein Chuck Berry-aktig Rock & Roller som er både livleg og vittig».
Stephen Thomas Erlewine i AllMusic gav seinare albumet 1,5 av 5 stjerner og kalla det «eit av dei dårlegaste Rod Stewart-albuma.» I same melding vert likevel «Baby Jane» og «What Am I Gonna Do (I'm So in Love with You)» trekt fram som «førsteklasses synth-prega pop/rock-fyll, som høyrest «vesentleg» ut samanlikna med dei andre songane på albumet.
Miksa av George Tutko, Jim Cregan, and Rod Stewart
Salslister
Body Wishes nådde femteplassen i Storbritannia og selde til platinaplate der 18. juli 1983. I USA fekk det ikkje noko salstrofé, men nådde 30. plassen på albumlista.