Pete Sears |
Sears i 2015 |
|
Fødd | 27. mai 1948 (76 år) |
---|
Fødestad | Bromley |
---|
Fødenamn | Peter Roy Sears |
---|
Opphav | Bromley, Kent, England |
---|
Aktiv | Sidan 1960-åra |
---|
Instrument |
- bassgitar
- klaverinstrument
- piano
- gitar
- ukulele
|
---|
Tilknytte artistar | |
Peter Roy «Pete» Sears (fødd 27. mai 1948) er ein engelsk rockemusikar. I ein karriere på meir enn fire tiår har han vore medlem av mange band og spelt innan mange sjangrar, frå tidleg R&B, psykedelisk, improvisasjonsrock i 1960-åra, folk, country og arenarock i 1970-åra, og blues. Han spelar vanlegvis bass, klaverinstrument, eller begge delar.[1]
Pete Sears spelte på Rod Stewart-albuma Gasoline Alley,[2] Every Picture Tells A Story, Never a Dull Moment,[2] og Smiler. I denne perioden turnerte Sears òg i USA med Long John Baldry bluesband og med John Cipollina i Copperhead.
Sears var medlem av Jefferson Starship (1974 til 1984) og etterkomaren Starship (1985 til 1987).[2] Han spelte vidare med Jorma Kaukonen Trio med Kaukonen og Michael Falzarano. Han spelte òg med Kaukonen og Falzarano i lag med Jack Casady og Harvey Sorgen i Hot Tuna.
Sears har spelt med mange andre musikarar gjennom åra, som Dr. John, John Lee Hooker, Leigh Stephens og Micky Waller i Silver Metre; Long John Baldry, Copperhead med John Cipollina, Jerry Garcia, Steve Kimock, Bob Weir, Phil Lesh, Leftover Salmon og Los Lobos.[3][4] I seinare tid har han spelt med David Nelson Band og Moonalice.
Sears har òg skrive musikk for mange dokumentarfilmar, mellom anna den prisvinnande The Fight in the Fields.
Diskografi
- Soloalbum
- Watchfire (1988)[2]
- Millennium (1997)
- The Long Haul (2001)[2]
- Med Sons of Fred
- «Sweet Love» 1964
- «I'll Be There» 1964
- «I, I, I Want Your Lovin'» 1965
- «She Only Wants a Friend» 1965
- «Baby What You Want Me to Do» 1966
- «You Told Me» 1966
- Med Les Fleur de Lys
- Med Sam Gopal Dream 1967
- 1967-innspeling for Screen Gems, ikkje utgjeve
- Med Steamhammer
- Med Jade (britisk band)
- «Fly on Strangewings» 1970
- Med Silver Metre
- Med Stoneground
- Med Rod Stewart
- Med original Jefferson Starship
- Med Starship
- Med Hot Tuna
- Med Jorma Kaukonen
- Gjesteartist
Kjelder
- ↑ Pete Sears på Allmusic. Henta 30. mai 2018.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Selvin, Joel. (8. oktober 2001). «Starship Veteran Back On Course: Keyboardist's New CD Features All-Star Support». San Francisco Chronicle. Henta 30. mai 2018.
- ↑ Pete Sears on Xtreme Musikar. Henta 30. mai 2018.
- ↑ Skidmore, Mick. (20. februar 2002). «Pete Sears: In It for the Long Haul», jambands.com. Henta 30. mai 2018.
- ↑ Marsh, Dave. (4. mai 1978). Earth album review, Rolling Stone. Henta 30. mai 2018.
Bakgrunnsstoff