Michael Waller (6. september1941–29. april2008)[1][2] var ein engelsk trommeslagar, som spelte med mange kjende britiske rocke- og bluesartistar etter han vart profesjonell musikar i 1960.
Biografi
Waller vart fødd i Hammersmith i London.[1] Det første bandet hans, The Flee-Rekkers, fekk ein hit med «Green Jeans» i 1960 då denne nådde 23. plassen på UK Singles Chart.[3] Han slutta kort tid etter og vart medlem av Joe Brown and the Bruvvers.[1]
I juli 1963 vart han med i Cyril Davies R&B All Stars med Cyril Davis og Long John Baldry. Waller slutta då Davies døydde i januar 1964 og Baldry tok over og bandet vart Hoochie Coochie Men. Waller byrja så å spele med Marty Wilde som medlem av The Wildecats.[1] Waller spelte òg på to konsertturnear med Little Richard i Storbritannia.[4]
I august 1967 byrja Waller å spele med Jeff Beck Group, i lag med den tidlegare bandkollegaen Rod Stewart.[4] I 1969 drog Waller til Venice Beach i Los Angeles for å skipe bandet Silver Metre med gitaristen Leigh Stephens frå Blue Cheer, Pete Sears på bass og klaverinstrument og Jack Reynolds som songar. Dei spelte inn eitt album.[5] I 1969 spelte Waller òg på debutalbumet til Rod Stewart, An Old Raincoat Won't Ever Let You Down,[6] og spelte òg på seinare album av Stewart, inkludert hitsingelen «Maggie May».[1]
↑Eyries, Patrice, David Edwards and Mike Callahan. (21. oktober 2005). National General Album Discography. Both Sides Now Publications. Henta 30. mai 2018.