Europaveg 16 i Noreg (E16) er ein norskstamveg som går mellom Bergen og riksgrensa ved Kongsvinger (og vidare inn i Sverige. Til hausten 2012 var Sandvika i Bærum vest for Oslo endepunkt for vegen, strekninga frå Hønefoss til Sandvika er no berre ei arm av E16. Vegen var 493,8 km lang før forlenginga til riksgrensa, og han er del av Europaveg 16.
E16 er ein av hovudvegane aust-vest, og heile strekninga ligg nord for Oslo (med unntak av arma Hønefoss-Sandvika). På Filefjell (det høgaste vegpunktet) passerer i gjennomsnitt 700 køyrety i døgnet (trafikken er dobbel så stor i juli), av dette om lag 20 prosent tungtrafikk.[1] Ved Nygårdstangen i Bergen passerer om lag 32000 køyrety i døgnet,[2] medan det i Sandvika i Bærum passerer om lag 35 000 køyrety i døgnet (tal for 2005-2011.[3]
Den lengste vegtunnelen i verda, den 24 509 meter lange Lærdalstunnelen, ligg på E16. Det gjer også den over 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen, som er den nest lengste tunnelen i Noreg. Mellom Gudvangen og Lærdal er det 51,5 km, og av det 43,0 km i tunnel.
Traseen over Filefjell vart allereie i 1793 etablert som hovudveg mellom Oslo og Bergen, den såkalla Bergenske Kongevei.[4] Den gongen gjekk vegen langs Randsfjorden om Etnedal (ikkje Begnadalen) og den enda på Lærdalsøyri der det var båt til Bergen.
Lengd i dei einskilde fylka
E16 har ei samla lengd i Noreg på 493,8 km (pr. 31. juli 2006) mellom Bergen og Sandvika[5], fordelt på:
For ruteføringa via Dokka og Gjøvik var det også vurdert eit delalternativ med ruteføring vest for Mjøsa, langs Riksveg 33 og Riksveg 177 til Riksveg 2.
«Den anbefalte ruteføringen er via Gardermoen. Ruteføringen gir god betjening av Oslo-regionen, Gardermoen hovedflyplass og trafikk fra Bergen og Vestlandet. Samtidig er ruta kortere og raskere mellom Hønefoss og Kongsvinger, enn å køyre via Sandvika og Oslo. Omskiltingskostnader og økte kostnader til drift og vedlikehald på ruta er beskjedne. Ved en eventuell ruteføring parallelt med E18 og E6 gjennom Oslo vil omskiltingsutfordringene være betydelig større.»
«Dagens E16 mellom Hønefoss og Sandvika foreslås klassifisert som en arm av E16 mot Oslo. En beholder da sammenhengende europavegforbindelse mellom Oslo og Bergen. Mellom Gardermoen og rv. 2 Nybakk i Ullensaker anbefales ruteføring langs E6 og rv. 2 i stedet for rv. 174.»
Uavhengig av kva for eit av desse alternativa ein fell ned på vil ein nytte seg av riksveg 200 vidare frå Kongsvinger til svenskegrensa. For planen totalt sett tilrådde ein:
«Vegdirektoratet er positive til å tydeliggjøre vegforbindelsen og at dette gjøres ved å forlenge E16 til riksgrensen, gjennom omklassifisering av eksisterende veg. Forutsetningen er at svenske myndigheter går inn for en videreføring av E16 fra riksgrensen til Gävle. Vägverket i Sverige har i sin motsvarende rapport til Näringsdepartementet, stilt seg positive til en slik videreføring.»
↑Hvattum, Harald (1993): På gamle veger i Valdres. Fagernes: Valdres forlag og Valdres folkemuseum. (Ifølge Hvattum vart køyrevegen over fjellet påbegynt i 1792 og i 1794 var vegen så bra at det vart sett opp ei "stiftssøtte" ved grensa, men arbeidet på vegen fortsette i fleire år etter det.)