Stamveg

Stamvegar er ein tidlegare vegkategori i Noreg, og vart erstatta av nemninga riksveg då forvaltningsreforma trødde i kraft 1. januar 2010. Stamvegar var hovudvegar innanfor eit distrikt eller mellom distrikt, og var skilta med kvite tal på grøn bakgrunn.

Før 2010 var riksveg ei fellesnemning på veg med fylgjande underkategoriar:

  • Stamvegar - vegar i Stamvegnettet
    • Europavegar
    • Viktige riksvegar
  • Andre riksvegar

Med forvaltningsreforma vart riksvegane i kategorien andre riksvegar overført til fylkesnivå og fekk nemninga fylkesveg. Dimed vart omgrepet stamveg overflødig, og er per i dag berre brukt på eit forvaltningsnivå om vegkorridorane i stamvegnettet.

Tidlegare om stamvegane

Stamvegar hadde generelt høgare vegstandard enn andre riksvegar, sjølv om dei kan ha mindre trafikk. Den minste vegbreidda på ein stamveg utanfor tettbygd strøk varr i fylgje vegnormalen [1] Arkivert 2006-02-28 ved Wayback Machine. 8,5 meter. Stamvegar hadde eigne budsjettmiddel, og vegforkjemparar ynskte derfor gjerne at «deira» veg skulle bli klassifisert som stamveg slik at han kunne få betre finansiering og standard.

Kriterium for stamvegar

For å bli kalla stamveg må vegen passa til minst eitt av desse punkta:

  1. Europaveg.
  2. Hovedtransportrute til og frå utlandet, fortrinnsvis tilknytt eit stamvegnett i nabolandet.
  3. Gjennomgåande rute med stor tyding for transport mellom landsdelar.

Historikk

Stamvegnettet har utvikla seg gradvis frå 1984. Seinare er nettet blitt utvida fleire gonger, mellom anna ved at alle europavegane blei tekne opp som som stamvegar.