Fylkesveg 50 (Fv50) går mellom Fossheim i Aurland og Hol. Veglengda er 95,1 km, fordelt på to trasear.
Hovudtraséen går i Aurland langs Vassbygdevatnet, opp Låvisberget, gjennom tunnellar til Heimrebø i Aurlandsdalen som den følgjer til fylkesgrensa ved Geiterygghytta og følgjer så Sudndalen i Hol. Veglengda er 94 km, av dette 42,4 km i Vestland og 51,6 km i Buskerud. I tillegg går ein arm frå Steine bru til Bjelde i Vassbygdi i Aurland.
Historikk
Vegen hadde tidlegare riksvegnummer 288 og 601. Vegen vart opna til Flåm i 1987 og vidare til Gudvangen då Gudvangatunnelen opna i 1991. Mellom 1991 og 2000 var riksveg 50 det første og einaste ferjefrie vegsambandet mellom Austlandet og Bergen. I november 2000 opna Lærdalstunnelen til Aurland, og riksveg 50 fekk endepunkt på Fossheim i Aurland.
Før 1962 var riksveg 50 namnet på vegen som i dag er europaveg 6 i Noreg, bortsett frå strekninga mellom Oslo og Svinesund i Østfold (då riksveg 1).
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet. Gamle Fylkesveg 244 i Sogn og Fjordane vart lagt til som ein arm av Fylkesveg 50 i Vassbygdi, med ei lengd på 1,1 km.[1]