Berdaltunnelen er ein tunnel på fylkesveg 50 i Aurland kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tunnelen går gjennom Klovafjellet mellom Berdalen (i Aurlandsdalen) og Stondalen. Han er 4266 meter lang, og vart opna i 1987. Berdalstunnelen er den lengste av tunnelane mellom Hol og Aurland. Vegen med tunnelane vart bygd i samband med kraftutbygginga i Aurlandsdalen. I det austre utløpet av Berdalstunnelen ligg Nesbøtunnelen.
Sjå òg
Kjelder