Gudvangen har vore ein viktig stad for båttransporten sidan Fylkesbaatane fekk sitt fyrste stopp her i 1862, og turistferdsla gjennom Nærøydalen skaut fart etter at Vossabanen opna i 1883.
I 1934 vart det oppretta ei bilførande korrespondanserute til det nyoppretta sambandet Lærdal-Vadheim, der ferjene møtast midtfjords og la seg attmed kvarandre for å mogleggjera køyring av bilar mellom ferjedekka. Fem år etterpå, i 1939, vart det oppretta eit nytt direkte ferjesamband til Lærdal. Dette sambandet vart eit viktig ledd i den då komande nye stamvegen mellom aust og vest gjennom Indre Sogn, som me i dag kjenner som Europaveg 16, og vart erstatta av Lærdalstunnelen.