Lærdalsøyri er einaste tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune i Vestland, og huser drygt halvparten av kommunens innbyggjarar. Den største arbeidsplassen er Lærdal sjukehus, lokalsjukehus for Indre Sogn, med om lag 150 tilsette. Elles er fleire mellomstore byggentreprenørar lokalisert til Lærdalsøyri, og dessutan noko treindustri.
Sentralt på Lærdalsøyri ligg Gamle Lærdalsøyri, eit prislønt og verna trehusmiljø frå 17- og 1800-talet med 161 bygningar i blant anna sveitserstil, som minner om tida då Lærdal var ein sentral administrasjons- og handelsstad. Kvar sommar arrangerast Lærdalsmarknaden her, ein historisk vestlandsk handelsmarknad som har blitt halden sidan 1500-talet.
Historie
Lærdalsøyri er ein gammal strandstad som under 1800-talet var den folkerikaste tettstaden i Sogn. Etter hundreårsskiftet blei den utkonkurrert av Sogndalsfjøra som sentralstad i Sogn.
I 1838 blei det foreslått å gje Lærdalsøyri status som by (ladestad). I 1841 hadde byteiknarane planane klare for ein kvadratur som gjekk frå Lærdalsfjorden til omtrent der Hauge kyrkje står i dag. I 1842 vedtok Regjeringa å gje Lærdal bystatus, saman med Haugesund og Namsos, men alle tre stadene blei avvist alt i Odelstinget.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling på Lærdalsøyri
|
År
|
|
|
Innbyggjarar
|
|
1865 |
|
762 |
1875 |
|
625 |
1890 |
|
610 |
1900 |
|
578 |
1910 |
|
417 |
1920 |
|
423 |
1930 |
|
445 |
1946 |
|
714 |
1950 |
|
754 |
1960 |
|
694 |
1970 |
|
666 |
1980 |
|
1 000 |
1990 |
|
970 |
2000 |
|
1 060 |
2009 |
|
1 153 |
2012 |
|
1 147 |
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar
|
-
Naustrekka ved Lærdalsfjorden.
-
-
-
Sanden Pensjonat på Gamle Lærdalsøyri.
-
Den gamle banken, seinare kulturbank, er no turistinformasjon.
-
Hauge kyrkje ligg på Lærdalsøyri.
-
Synneva Eris hus, bilete teke omkring 1920. Dette var eit av tre
verna hus som brann ned under storbrannen i 2014, og det einaste av dei tre som var
freda.
Kjelder
Bakgrunnsstoff