Europaveg 69 er vinterstengd mellom avkøyringa til Skarsvåg og Nordkapp, normalt frå oktober til april. Det er den einaste vinterstengde europavegen i heile Europa.
Historikk
Riksveg 95 skifta namn til E69 i 1992. 15. juni 1999 opna Fastlandssambandet til Magerøya, FATIMA, med Nordkapptunnelen og Honningsvågtunnelen. Veganlegget er på til saman 28 km og kosta 1 milliard kroner.