12 X 5 er det andre albumet The Rolling Stones gav ut i USA i 1964 etter det populære debutalbumet The Rolling Stones i Storbritannia og den amerikanske utgåva England’s Newest Hit Makers.
12 X 5 var som debutalbumet spekka med R&B-songar skrivne av andre artistar, men inneheld likevel tre songar av Mick Jagger/Keith Richards, samt eit par songar skrivne av heile bandet under pseudonymet «Nanker Phelge».
Etter ei rekkje innspelingar i Chicago i juni 1964 gav det britiske selskapet til The Rolling Stones, Decca Records, ut EP-en. Sidan EP-ar aldri var eit lukrativt format i USA, spreidde den amerikanske distributøren deira, London Records, songane frå EP-en utover eit heilt album, og la til sju songar ekstra. Det var då tolv songar på albumet, spelt av dei fem medlemmane i bandet, dermed tittelen 12 X 5 («12 by 5» eller «12 av 5»). Decca nytta det same omslaget (bortsett frå skrifta) på det neste britiske albumet deira, The Rolling Stones No. 2, tidleg i 1965.
12 X 5 gjorde det betre enn England’s Newest Hit Makers, og nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista.