A Bigger Bang
A Bigger Bang er det 22. studioalbumet til The Rolling Stones . Det var ein oppfølgjar til Bridges to Babylon 1997, og begge desse, samt Voodoo Lounge frå 1994, vart produsert av Don Was og The Glimmer Twins .
Historie
A Bigger Bang vart stort sett spelt inn heime hos Mick Jagger i Frankrike , på liknande måte som Exile on Main St. vart spelt inn i heimen til Keith Richards i same land i 1971. Jagger og Richards arbeidde òg på albumet i 2004 med produsent Don Was i heimen til Jagger i Karibia . Charlie Watts slo seg seinare med etter å ha vorte operert for strupekreft . Darryl Jones spelte bass og Chuck Leavell spelte piano på fire spor.
Albumet har ein enklare stil ala Some Girls , med hardare og meir moderne. Mange av songane vart spelt inn med kjernen i bandet, Richards, Jagger og Watts. Ronnie Wood var ikkje med på desse innspelingane og spelte berre på ti av seksten spor.
Dei første rapportane om albumet fortalte at the Stones hadde gått «tilbake til røtene sine» med minimal instrumentering, grov miks og tøff blues og garagerock ala kontemporære grupper som The White Stripes og The Black Keys , noko som viste at the Stones framleis var i kontakt med moderne trendar i rockemusikken.
Albumet fekk god kritikk og vart erklært det beste Rolling Stones-albumet sidan Tattoo You i 1981. Dei fleste albuma til the Stones sidan Steel Wheels i 1989 har derimot fått liknande merknad, og fleire meiner at the Stones enno ikkje har laga eit album dei siste 30 åra som har vore opp mot det beste dei kan.
Den første singelen frå albumet var «Streets of Love » og nådde 15. plass på den britiske singellista, medan A Bigger Bang gjekk inn på andreplass i Storbritannia og i Noreg, og tredjeplass i USA. Som dei første Stones-albuma sidan Tattoo You selde det ikkje all verda og singlane vart heller ikkje store hittar. I 2006 hadde albumet likevel seld 2,4 millionar eksemplar.[ 11]
I august 2005 la the Rolling Stones ut på A Bigger Bang Tour for å støtte opp om albumet. Det vart halde 90 konsertar i Nord-Amerika, samtlege av dei utselde. Turneen strekte seg inn i 2007 og Europa. Under turneen fall Keith Richards ned frå eit tre på Fiji og dei måtte ta ein pause i turneringa. Turneen enda i august 2007 på O2 Arena i London .
Albumet er det første der Jagger òg spelar bass på nokre spor. Dette kom av at Ronnie Wood ikkje medverka like mykje som tidlegare.
Sjølv før singlane kom ut vart A Bigger Bang kjend for songen «Sweet Neo Con », som var kritisk til både President George W Bush og amerikansk politikk generelt.[ 12]
Innhald
Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.
1. «Rough Justice » 3:13 2. «Let Me Down Slow» 4:15 3. «It Won't Take Long» 3:54 4. «Rain Fall Down » 4:54 5. «Streets of Love » 5:10 6. «Back of My Hand» 3:33 7. «She Saw Me Coming» 3:12 8. «Biggest Mistake » 4:06 9. «This Place Is Empty» 3:17 10. «Oh No, Not You Again» 3:47 11. «Dangerous Beauty» 3:48 12. «Laugh, I Nearly Died» 4:54 13. «Sweet Neo Con » 4:34 14. «Look What the Cat Dragged In» 3:58 15. «Driving Too Fast» 3:57 16. «Infamy» 3:48
Deluxe-utgåva av albumet inneheldt to spor til på ein DVD, «Under the Radar» (4:34) og «Don't Wanna Go Home» (3:33).
Medverkande
The Rolling Stones
Mick Jagger – bass (6, 7, 11, 13, 14), gitar (1-5, 8, 10-16), munnspel (6, 13), klaverinstrument (4, 12, 13, 16), perkusjon (6, 7, 12, 15, 16), produksjon (alle spor), slidegitar (6, 9), vibrafon (4), vokal (alle spor)
Keith Richards – bass (9, 10, 16), gitar (alle spor), klaverinstrument (16), piano (9), produksjon (alle spor), vokal (2, 3, 7-9, 16)
Charlie Watts – trommer (alle spor)
Ronnie Wood – gitar (3-5, 7, 12, 14, 15), slidegitar (1, 2)
Andre medverkande
Lenny Castro – perkusjon (14)
Blondie Chaplin – vokal (7, 16)
Matt Clifford – klaverinstrument (4, 5), orgel (5), piano (5), produksjon (5), programmering (5), strykearrangement (5), vibrafon (4, 5)
Darryl Jones – bass (1-5, 8, 10, 12, 14, 15)
Chuck Leavell – orgel (3, 5, 8), piano (1, 5, 15)
Teknisk
J.D. Andrew – redigering (alle spor), lydteknikar (alle spor)
Andy Brohard – lydteknikar (1)
Ryan Castle – lydteknikar (1)
Pierre de Beauport – gitarteknikar (alle spor), lydteknikar (alle spor)
Tony King – plateomslag
Nick Knight – fotografi
Stephen Marcussen – mastering (alle spor)
Michael Nash – plateomslag
Dean Nelson – lydteknikar (2, 3, 5-11, 15)
Jack Joseph Puig – lydmiksing (2, 3, 5-11, 15)
Stewart Whitmore – redigering (alle spor)
Dave Sardy – lydmiksing (1)
Krish Sharma – lydmiksing (4, 6, 12-14, 16)
German Villacorta – lydmiksing (4, 6, 12-14, 16)
Don Was – produksjon (alle spor)
Salslister
Vekeslister
Singlar
År
Singel
Liste
Plassering
2005
«Rough Justice»
Mainstream Rock Tracks[ 37]
25
2005
«Streets of Love»/«Rough Justice»
UK Top 75 Singles[ 38]
15
2005
«Oh No, Not You Again»
Mainstream Rock Tracks
34
2005
«Rain Fall Down»
UK Top 75 Singles
33
2006
«Rain Fall Down»
Hot Dance Singles/Club Play
21
2006
«Biggest Mistake»
UK Top 75 Singles[ 39]
51
Salstrofé
Kjelder
↑ «A Bigger Bang Reviews, Ratings, Credits, and More» . Metacritic . Henta 30. mars 2018 .
↑ Erlewine, Stephen Thomas . «A Bigger Bang – The Rolling Stones: Songs, Reviews, Credits, Awards» . AllMusic . Rovi Corporation . Henta 30. mars 2018 .
↑ Phipps, Keith (14. september 2005). «The Rolling Stones: A Bigger Bang | Music | MusicalWork Review» . The A.V. Club . Henta 30. mars 2018 .
↑ Sterdan, Darryl (1. september 2005). «CANOE – Jam! Music – Artists – Album Review: A Bigger Bang » . jam.canoe.ca . Henta 30. mars 2018 .
↑ Browne, David (5. september 2005). «A Bigger Bang Review | Music Reviews and News» . Entertainment Weekly . Arkivert frå originalen 31. mars 2018. Henta 30. mars 2018 .
↑ Martin, Dan (19. september 2005). «NME Album Reviews – The Rolling Stones: A Bigger Bang » . NME . Henta 30. mars 2018 .
↑ Shymanik, Steve; MacNeil, Jason (12. september 2005). «The Rolling Stones: A Bigger Bang » . PopMatters . Henta 30. mars 2018 .
↑ Christgau, Robert. «CG: The Rolling Stones» . Robert Christgau . Henta 30. mars 2018 .
↑ Light, Alan (22. september 2005). «A Bigger Bang : The Rolling Stones: Review» . Rolling Stone . Arkivert frå originalen 21. april 2009.
↑ Soto, Alfred (9. september 2005). «The Rolling Stones – A Bigger Bang – Review» . Stylus Magazine . Arkivert frå originalen 9. mai 2012. Henta 30. mars 2018 .
↑ [1] Arkivert 2011-05-18 ved Wayback Machine .. EMI Annual Report . 31. mars 2006
↑ «Satisfaction Guaranteed» . Newsweek . 14. aug. 2005.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Australiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones - A Bigger Bang" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" (På nederlandsk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" (På fransk). Ultratop.be. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Canadian Albums Chart for The Rolling Stones. Prometheus Global Media . Henta 30. mars 2018.
↑ "Top 40 Albums - 37 / 2005 - Hitlisten" . Hitlisten.nu. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ «European Albums – Week of 24. september 2005» . billboard.com . Henta 30. mars 2018 .
↑ "The Rolling Stones: A Bigger Bang" (På finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Lescharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones - A Bigger Bang" . Charts.de. Media Control . Henta 30. mars 2018.
↑ «Ελληνικό Chart» . ifpi.gr (på gresk). Arkivert frå originalen 14. oktober 2005.
↑ «Archivum: Top 40 Album» . MAHASZ (på ungarsk). Henta 30. mars 2018 .
↑ "GFK Chart-Track" . Chart-Track.co.uk. GFK Chart-Track. IRMA . Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "Oficjalna lista sprzedazy :: OLIS - Official Retail Sales Chart" (på polsk). OLiS . Polish Society of the Phonographic Industry . Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Portuguesecharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones – A Bigger Bang" . Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 30. mars 2018.
↑ "2005-09-17 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts" . Den britiske albumlista . The Official Charts Company. Henta 30. mars 2018.
↑ "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media . Henta 30. mars 2018.
↑ «Top 400 Modern Rock songs» . Modernrock.com . Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 30. mars 2018 .
↑ «UK Top 75 singles, 2005» (PDF) . polyhex.net . Arkivert frå originalen (PDF) 31. mars 2012. Henta 30. mars 2018 .
↑ «UK Top 75 singles, 2006» (PDF) . polyhex.net . Arkivert frå originalen (PDF) 31. mars 2012. Henta 30. mars 2018 .
↑ «Discos de Oro y Platino – 2006» . capif.org.ar (på spansk). Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 30. mars 2018 .
↑ «Austrian album salstrofé – Rolling Stones – A Bigger Bang» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 30. mars 2018 . Enter Rolling Stones in the field Interpret. Enter A Bigger Bang in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
↑ «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» . Music Canada . Henta 30. mars 2018 .
↑ «Danish album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» . IFPI Denmark. Henta 30. mars 2018 .
↑ «French album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique . Henta 30. mars 2018 .
↑ «Gold-/Platin-Datenbank (The Rolling Stones; 'A Bigger Bang')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie .
↑ «Greek album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» (på gresk). IFPI Greece . Henta 30. mars 2018 .
↑ «Japanese album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» (på japansk). Recording Industry Association of Japan .
↑ «New Zealand album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» . Recording Industry Association of New Zealand . Henta 30. mars 2018 .
↑ «Polish album salstrofé – The Rolling Stones – A Bigger Bang» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). Henta 30. mars 2018 .
↑ «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Rolling Stones; 'A Bigger Bang')» . Hung Medien. Henta 30. mars 2018 .
↑ «British album salstrofé – Rolling Stones – A Bigger Bang» . British Phonographic Industry . Henta 30. mars 2018 . Enter A Bigger Bang in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
↑ «American album salstrofé – Rolling Stones – A Bigger Bang» . Recording Industry Association of America . If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
↑ «IFPI Platinum Europe Awards – 2006» . International Federation of the Phonographic Industry . Henta 30. mars 2018 .
Britiske studioalbum 1964–1967 Amerikanske studioalbum 1964–1967 Studioalbum 1967–til i dag Konsertalbum Tilknytte artiklar