25. november–21. desember 1972 og 23. mai–20. juni 1973 i Dynamic Sound Studio i Kingston på Jamaica, utanom «Hide Your Love» som var spelt inn i De Doelen i Rotterdam i Nederland, sommaren 1973
Goats Head Soup er eit album av The Rolling Stones frå 1973. Det vart spelt inn som ein oppfølgjar til det kritikarroste Exile on Main St.Goats Head Soup hadde ein meir polert produksjon enn det rå og skranglete Exile. Musikken inneheldt den særeigne rockestilen til Stones, men no òg med element av soul-pop og funk. Den kanskje best kjende songen på albumet er «Angie», som vart ein stort hit verda over.
Historie
Innspeling
Innspelinga av albumet starta så tidleg som 1970. To songar, «Silver Train» og «Hide Your Love», kom frå desse tidlege innspelingane og dukka opp att i november 1972 då bandet flytta til Kingston på Jamaica og Dynamic Sound Studios. Gitaristen Keith Richards sa i 2002, «Jamaica var eit av få land der alle fekk kome inn! På denne tida var Sveits det einaste landet eg kunne opphalde meg i, og det var ein kjedeleg stad for eg likte ikkje å stå på ski. Det var ni land eg ikkje fekk kome inn i.»[8]
Den første songen som vart spelt inn i Dynamic var «Winter», som sologitaristen Mick Taylor har sagt starta med berre Mick Jagger på gitar i studio og at resten kom inn etter kvart.[9]
Første singelen frå albumet, «Angie», var eit upopulært val som første singel hos Atlantic Records. Dei ønskte seg ein ny «Brown Sugar» og ikkje ein ballade.[8] I motsetnad til kva mange trur, så handla ikkje songen om den første kona til David Bowie, Angela, men om dotter til Richards, Dandelion Angela, som var nyfødd då.[10]
Trass i den tilbakelente stilen har mange av songane på Goats Head Soup ei mørk kjensle ved seg, som opningssongen «Dancing With Mr. D» (D som i death eller død) og singelen «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)», som kritiserer New York-politiet for å ha skote ein ti år gammal person ved eit uhell.
Dette var det siste Rolling Stones-album produsert av Jimmy Miller, som hadde arbeidd med bandet sidan Beggars Banquet i 1968. Miller utvikla eit narkotikamisbruk i løpet av åra han var med bandet.
Singelen «Angie» kom ut før albumet og gjekk til topps verda over. Goats Head Soup kom ut seint i august 1973 og vart òg ein bestseljar som gjekk til førsteplass i mange land. The Rolling Stones la ut på turne i 1973 i Europa.
Albumet fekk variabel mottaking av musikkpressa. I dag vert Goats Head Soup generelt rekna som albumet som markerte slutten på «gullalderen» til the Stones. Jagger starta for fullt eit jetsett liv som rockestjerne, medan Richards vart meir og meir påverka av narkotikaproblema sine.[11] Albumet vert ofte rekna for å mangle energien og gnisten i dei tidlegare albuma, men vart ein bestseljar som mellom anna selde til trippel platina i USA.
Innhald
Alle spor skrivne av Mick Jagger og Keith Richards
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN1-57859-061-2.